måndag 25. mai 2009

Barack Obama er forbildet til mange politikara!








Lørdags artikkelen 2.Mai 2009 frå Dagbladet hadde ein spennande artikkel. Den handla om korleis Barack Obama og andre kjende politikarar brukte nettet på ein god måte for å få stemmene til folket. No vil dei norske politikarane også gjere det same, politikarane er veldig positiv til at det heile kan føregå på nettet, som på Facebook, Twitter og Youtube.

Eg vil påstå at artikkelen høyrer heime i Mektige media fordi den handlar om korleis Barack Obama bruker nettet på, og får kontakt med menneska som følgjer han. Dette les alle følgjarane og dei vert påverka av det han skriv til dei.

Mediepolitikk spelar og ei svært stor rolle i denne artikkelen. Dei heile vil jo føregå som mediepolitikk, på Internett nettopp. Der vil det sikkert føregå mange forskjellige debattar og "video bloggar" på youtube. Og det er jo klart at lesarane blir meir engasjerte når det kjem litt bilete og videoar, og ikkje berre tekstar.

Ytringsfrihet vil eg også leggje til er blitt brukt her, på nettstaden til Barack Obama kan han uttrykkje seg så mykje han vil. Det same vil også gjelde dei norske politikarane. Dersom dei hadde skreve sin eigen blogg eller om dei hadde fått seg sin eiga heimeside kunne dei ha uttrykkt seg så masse dei hadde hatt lyst til.

Sjølv meiner eg at det er ein fin måte å nytta internett på, og om valet i 2009 skjer på internett hadde vore spennande. Det kan kanskje bli eit par tekniske problem under vegs, som at det er for mange som stemmer på ein gong, og at ikkje alle stemmene kjem opp.

Eg har brukt Mektige Media, Mediepolitikk og Ytringsfrihet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om meg

Bildet mitt
En gladjente med glimt i øyet!

Følgere