måndag 8. juni 2009

Fast and the Furious


Fast and the furious 4

Oppover åra har eg sett alle Fast and the furious filmane, og for ikkje så altfor lenge sidan kom nummer fira ut også. Det er altså ein ”raud tråd” i alle de fira filmane. Eg var no veldig spent på denne filmen, ettersom at film nummer 2 og 3 skuffa meg litt.. Grunnen til dette var nok at den ”raude tråden” forsvant sakte men sikkert, og meininga kom ikkje skikkeleg fram i filmen. Eg var fast bestemt på å reise på kino for å sjå filmen for å få ekstra lyd og bilete og følelse.

No for fyrste gong på 8 år, spelar Dominic Toretto (Vin Diesel) og Brian O’Conner (Paul Walker) saman igjen. Noko som gjorde meg veldig glad, fordi dei spelar veldig godt saman. Sjølve filmen spelar på nokre heilt unike bilar, tøffe mannfolk, lettkledde og tøffe damer og rå musikk.

Filmen startar med at Fast and the Furious gjengen er ute på ”oppdrag” som vil seie å stele olje frå ein lastebil. Der spenningskurva stig veldig, men som vanleg ordnar Dominic opp. Politiet er ute etter Toretto, han forlet sin kjæreste og sin familie på den mørkaste natta. Nokre dagar seinare får han ein telefon om at Lessy, hans kjære er blitt drepen. Han blir heilt dyster, og augo hans blir triste. Han fell ikkje ei tåre, han er ein sterk person som ikkje likar å visa følingar. Han kjem straks tilbake til Los Angeles frå Mexico.

Systera til Dominic viser han staden der Letty blei drepen, der finn han straks eit hint av kva som kan ha skjedd. Systera ber han om å la det ligge, men han fortel at det er for seint til det og at han skal kome til botnen av den saka om det så må koste han døden. Samtidig får O’Conner eit namn utav ein tjuv, og det same namnet kjem Toretto til. Og sjølvsagt er Toretto fyst ute og drep nesten personen for å få den informasjonen han vil ha, men O’Conner kjem akkurat i tide til at det ikkje skjer noko galt. Dei får begge det same namnet utav han, Braga! Dei kjem seg begge fram, tar ein ”kjøretest” for Braga, han skal berre ha de beste av beste sjåførane i Los Angeles. O’Conner og Toretto består prøven, og er no med i ”Crewet” til Braga. Dei skal frakte noko over grensa, men dei får ikkje vite kva.

Når jobben er gjort får Toretto og O’Conner vere med på ein klubb og får kome innpå VIP inngang. Sjølvsagt bestemmer de begge seg for å finne ut noko og kven Braga er. O’Conner får auge på at Braga stikker av for å møte nokon, og fylgjer etter han. Han ser Braga og ein anna mann drikke Whisky saman, og dei smilar begge sleipt. O’Conner får ikkje heilt taket på korleis den andre ukjende mannen ser ut.

Toretto og O’Conner finn ut at den beste måten å fakke Braga på er å samarbeide. Etter oppdraget setter Toretto på masse Noz inne i bilen, og tenner på! Det heile sprenger, og det blir kaos… Skyting over alle kantar, Toretto og O’Conner steler ein bil med mange millionar i. Dei ringer til Braga og brukar utpressing for å få han til å møte dei på ein hemmeleg stad, noko som han til slutt går med på. O’Conner er nesten heilt sikker på kven som er Braga, og melder til politiet at dei må vere med å fakke han når dei skal møte Braga og hans menn. Politiet bestemmer seg for å rykke ut litt for tidlig, og dei tar feil mann. Dominic og Brian hopper i ein bil etter Braga. Dei greier å ta både Braga og hans hjelpar som drap Letty.

Dominic går med på å gå i retten å få sin dom, han vil ikkje leva eit liv på rømmen meir. Han blir dømt til å vere i eit spesialfengsel til resten av livet. Heilt på slutten, på vei til fengselet blir han kjørd av ein buss saman med mange andre som skal til det same fengselet. For å vise respekt for Toretto, kjører ”gjengen” hans med bilane rundt bussen som om dei skulle ”stele” olje frå den. Det siste me då ser er at Dominic Toretto gliser.
Dette er den beste filmen eg har sett på lenge, og den kan eg sjå om og om igjen. Den er heilt fantastisk, og eg blir heilt opphengt i den. Spenninga, handlinga og skodespelarane er berre heilt topp. Så denne filmen får terningkast 6 av meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om meg

Bildet mitt
En gladjente med glimt i øyet!

Følgere