måndag 25. mai 2009

Barack Obama er forbildet til mange politikara!








Lørdags artikkelen 2.Mai 2009 frå Dagbladet hadde ein spennande artikkel. Den handla om korleis Barack Obama og andre kjende politikarar brukte nettet på ein god måte for å få stemmene til folket. No vil dei norske politikarane også gjere det same, politikarane er veldig positiv til at det heile kan føregå på nettet, som på Facebook, Twitter og Youtube.

Eg vil påstå at artikkelen høyrer heime i Mektige media fordi den handlar om korleis Barack Obama bruker nettet på, og får kontakt med menneska som følgjer han. Dette les alle følgjarane og dei vert påverka av det han skriv til dei.

Mediepolitikk spelar og ei svært stor rolle i denne artikkelen. Dei heile vil jo føregå som mediepolitikk, på Internett nettopp. Der vil det sikkert føregå mange forskjellige debattar og "video bloggar" på youtube. Og det er jo klart at lesarane blir meir engasjerte når det kjem litt bilete og videoar, og ikkje berre tekstar.

Ytringsfrihet vil eg også leggje til er blitt brukt her, på nettstaden til Barack Obama kan han uttrykkje seg så mykje han vil. Det same vil også gjelde dei norske politikarane. Dersom dei hadde skreve sin eigen blogg eller om dei hadde fått seg sin eiga heimeside kunne dei ha uttrykkt seg så masse dei hadde hatt lyst til.

Sjølv meiner eg at det er ein fin måte å nytta internett på, og om valet i 2009 skjer på internett hadde vore spennande. Det kan kanskje bli eit par tekniske problem under vegs, som at det er for mange som stemmer på ein gong, og at ikkje alle stemmene kjem opp.

Eg har brukt Mektige Media, Mediepolitikk og Ytringsfrihet.

måndag 18. mai 2009

Twitter

Twitter er eit gratis nettsamfunn og ei mikrobloggingtjeneste som lar brukarne sende og lese andre brukeres oppdateringer (på engelsk kalt tweets), som er tekstbaserte postinger på inntil 140 tegns lengde.

Oppdateringene blir vist på brukarens profilside og blir mottatt av andre brukarar som har meldt seg på for å lese dem. (Å følgje) Sendaren kan avgrense formidlinga til sine vener (formidling til samtlige er default). Brukarane kan lese motta oppdateringane på Twitter-websida, SMS og e-post.

Twitter byrja som eit forsknings- og utviklingsprosjekt innan selskapet Obvious i San Francisco i mars 2006 og blei først berre benytta i sjølve selskapet. Det blei lansert for almenheita i oktober 2006. Og i oktober 2008 opplyser Twitter at det var blitt registrert over 3.200.000 brukarkontoar.
Twitter bruker språkplattformer på engelsk og (sidan april 2008) japansk; japanerne var i 2008 den nest mest flittige brukernasjonen av tjenesta. Det skal være omlag 20 000 nordmenn som bruker Twitter.
Ordet twitter betyr kvitring.

fredag 15. mai 2009

Meg sjølv, Spotify,Facebook og Twitter

Eg er ei sosial og livlig jente som likar at det skjer noko rundt meg. Musikk og facebook er ein stor del av kvardagen min. For ikkje så altfor lenge sidan fekk eg ein invitasjon frå ei venninne der ho spurte om eg ikkje ville byrje å bruke Spotify.com, eg godtok og byrja straks å bruke Spotify. Det er faktisk ei heilt genial måte å dele filene på, og ettersom at musikk er ein stor del av kvardagen min, er det berre å søke etter songen eg vil ha, og så kjem den på med ein gong. Eg er no blitt ein stor fan av Spotify!

Facebook.com er nok for tida den mest geniale internett oppfinninga etter mi meining, dersom du er ein person som likar å vere oppdatert på kva som skjer rundt deg og dine er nok dette den sida som passar best for deg. Ulempa med Facebook er nok at det kan bli lagt ut bilete som ein ikkje ynskjer, for eksempel at det var ein fest førre helg, og det blei tatt bilete av det med ei øl. Foreldra dine er ikkje klar over at du drikk, men har facebook. Du er tagga på bilete og foreldra dine ser dette, då er det nok ikkje særleg god steming når ein kjem heim.

Blogg er noko som eg ikkje har vore noko særleg aktiv på, skuleblogg er greitt nok… Men eg er redd dersom eg skal byrje å skrive om livet mitt og kva eg bedriv dagane mine med at eg vil få negativ respons på det eg skriv. I det siste har eg vore innpå blogg.no og sett på kva andre skriver på sine bloggar, masse interessant og masse som ein kunne ha spart seg for. Som me her i klassen har laga, ein skuleblogg er kjempe lurt.

Twitter.com er noko nytt som eg har lyst å teste ut, det verkar kjempe interessant. Det kan verke litt innvikla i byrjinga, men ettersom at Bjørn har forklart og vist oss alle i klassen litt no byrjar me alle å forstå meira. No gjenstår det berre å kome i gong med det sjølv, og få meg noko følgjarar. Twitter kan brukast i klasserommet for å gje beskjedar og få respons på noko ein har skreve i statusen sin. Det einaste problematiske med sida er at når ein sender ut ei melding som skal vere personleg, kan ein gløyme å sende den på den ”private” måten, og alle følgjarane kan sjå denne meldinga. Elles så verkar Twitter ut som ein morosam nettstad.

Om meg

Bildet mitt
En gladjente med glimt i øyet!

Følgere