Eg er ei sosial og livlig jente som likar at det skjer noko rundt meg. Musikk og facebook er ein stor del av kvardagen min. For ikkje så altfor lenge sidan fekk eg ein invitasjon frå ei venninne der ho spurte om eg ikkje ville byrje å bruke Spotify.com, eg godtok og byrja straks å bruke Spotify. Det er faktisk ei heilt genial måte å dele filene på, og ettersom at musikk er ein stor del av kvardagen min, er det berre å søke etter songen eg vil ha, og så kjem den på med ein gong. Eg er no blitt ein stor fan av Spotify!
Facebook.com er nok for tida den mest geniale internett oppfinninga etter mi meining, dersom du er ein person som likar å vere oppdatert på kva som skjer rundt deg og dine er nok dette den sida som passar best for deg. Ulempa med Facebook er nok at det kan bli lagt ut bilete som ein ikkje ynskjer, for eksempel at det var ein fest førre helg, og det blei tatt bilete av det med ei øl. Foreldra dine er ikkje klar over at du drikk, men har facebook. Du er tagga på bilete og foreldra dine ser dette, då er det nok ikkje særleg god steming når ein kjem heim.
Blogg er noko som eg ikkje har vore noko særleg aktiv på, skuleblogg er greitt nok… Men eg er redd dersom eg skal byrje å skrive om livet mitt og kva eg bedriv dagane mine med at eg vil få negativ respons på det eg skriv. I det siste har eg vore innpå blogg.no og sett på kva andre skriver på sine bloggar, masse interessant og masse som ein kunne ha spart seg for. Som me her i klassen har laga, ein skuleblogg er kjempe lurt.
Twitter.com er noko nytt som eg har lyst å teste ut, det verkar kjempe interessant. Det kan verke litt innvikla i byrjinga, men ettersom at Bjørn har forklart og vist oss alle i klassen litt no byrjar me alle å forstå meira. No gjenstår det berre å kome i gong med det sjølv, og få meg noko følgjarar. Twitter kan brukast i klasserommet for å gje beskjedar og få respons på noko ein har skreve i statusen sin. Det einaste problematiske med sida er at når ein sender ut ei melding som skal vere personleg, kan ein gløyme å sende den på den ”private” måten, og alle følgjarane kan sjå denne meldinga. Elles så verkar Twitter ut som ein morosam nettstad.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar