måndag 27. april 2009

WIKI! Kva er wiki og korleis kan wiki brukast på skulen?

WIKI

Uttrykka wiki og WikiWiki blir brukt til å identifisere ein spesiell type hypertekst-samling av dokument, som blir brukt til å lage slike samlingar.

Ein wiki er ein eller fleire nettstader laga for å gje lesarane mogelegheita til å bidra med og endre på innhald ved bruk av eit «markup-language» (digitalt språk med syntaksreglar for formatering). Nokre wikier har eit brukargrensesnitt som liknar veldig på det ein òg finn igjen i MS Word, PowerPoint ol., og senker dermed brukarterskelen endå meir. Wikier er òg kjent for å gjere det enkelt å lenke sider og gje mogelegheita til å kople innhald på ein meir fleksibel måte.

Wiki-teknologien er også kalla to-veis-web. Eit viktig prinsipp er at kven som helst, når som helst, kan redigere sider, derfor har heller ingen eigarskap til sidene. Konseptet er slik fordi ein utviklar den bestemte tekstsamlinga saman, noko som gjer arbeidet meir effektivt enn om alle hadde såtte og skreve på kvar sin tekstsamling eller nettstad. Ved å gjere web-publikasjon enkelt og gje denne mogelegheita til alle, opnar Wiki for to-veis kommunikasjon og samarbeid på nett.
Wikier kan også bli brukt internt i bedrifter for å forenkle samarbeidet og kunnskapsdeling mellom ansatte og samle på denne kollektive kunnskapen som ein ressurs - òg for framtidige prosjekter og nye ansatte. Gjennom wiki kan ansatte samarbeide rundt dokumenter, kome fram til avgjeringar og halde kvarandre og resten av bedrifta oppdatert.

Ein wiki har både interne og eksterne linkar:.
Interne linkar er: linkar til andre stader på wikien.
Eksterne linker er: linkar til andre stader på nettet, utanfor wikien. (Legg merke til den grønne pilen i ekstern link)
Den mest regjerande wikien i dag, er Wikipedia. Eit anna døme er heimesida som 2mka her på skulen har laga.

Wiki kan vere veldig bra å bruke på skulen, heile samarbeidet i klassen aukar, det blir samla og det blir fagleg stoff på ei side. Lærarar deler med elevar, elevar delar med lærarar, elevane deler med kvarandre og klassen delar med resten av verda. Sluttresultatet blir ein flott nettstad med mykje nyttig og interessant stoff. Dette blir jo lagra, og verande på nettet… Så det er veldig enkelt å berre klikke seg innpå sida for å lese litt god info om diverse.

Om meg

Bildet mitt
En gladjente med glimt i øyet!

Følgere