måndag 2. mars 2009

Ord Delings-KAOS


Ord delings-KAOS!

Eg har lest ein artikkel frå VG som var frå igår, 1.Mars 2009. Her fortel eg litt om kva den inneholdt.

Artikkelen inneheld at det er for mange språklege feil blant ungdom i Noreg, så mykje at det blir latterleg. Daniel Eriksen og Espen Sjølingstad har intervjua to jenter med namna Emely Elisabeth Remme Sletten (19) og Vilde Mürer (19). Begge dei meiner at me skal halde på det norske morsmålet vore, og skrive rett. Det verkar som om at VG ikkje er særleg nøgd med alle dei ”engelske” nettstadane som facebook, MSN og sms, der alle dei unge blir påverka. Engelsken er altså den som står bak alle feilane. Petter Holstad er nådelaus og fortel at dersom me ikkje gjer noko no, endar det med at slike feil, engelske ord og anna talspråk blir godtatt. Nokre av dei feilane som blir gjort mest av er nok ord delinga, som ikkje berre blir gjort av dei unge, men også dei litt eldre. Som me får sjå på bilete ved sidan av artikkelen, bilete av for eksempel Eldorado sine sukker biter, som er blitt skreve feil. Det rette er sukkerbitar.

Eg er for det meste einig i det som står i artikkelen, eg vil halde på morsmålet mitt og kunne skrive rett. Noko som eg prøver på heile tida Eg vil ikkje at skrivespråket skal bli forandra, og ivertfall ikkje at engelsken skal ta over språket vårt.

Eg meinar sms ikkje er noko særleg bra for utviklinga av språkforståinga og språkbehersking, sjølv mest fordi eg veit kor påverka ein blir. Sjølv hender det at eg blir for ivrig og skal vere så kjapp så mogeleg, å skriv forkortingar.

Dette er mitt forsøk på å skrive leet/1337 språk, her skriv eg litt om vinterferien min:
Eg vr i 0zl0 i min v1nterf3r13, md s70r3søs7r4 m1. M3 vr dr i 4 d4g3r, kun sh0pp1ng h31!3 t1c4, omg! Dt vr såå kj3k7!! M3 s0v 1 l31!1gh3174 t1! 0nkln m1n. Mg & søss sp3l73 317 sp3l, R4k3l bl31 pwnd!! D7 vr 1 kj3mp3 kj3kk f3r13.<3

1 kommentar:

  1. Du kommer til å bli en flink blogger, Gøril! Du kombinerer gode tanker med godt språk! Kjekt at du hiver på litt spesielle oppgaver, vinterferieteksten er artig!

    SvarSlett

Om meg

Bildet mitt
En gladjente med glimt i øyet!

Følgere