
Obama og hans administrasjon har oppretta ein offisiell nettstad for borgarane i USA, der dei kan vere med på å endre Amerika til ein betre stad. Han vil at amerikanarane skal skrive noko som har hendt dei igjennom åra i USA, det kan vere noko riktig som ein vil fortsette med, men også noko galt som dei vil forandre. Som er poenget med heile nettstaden, å forbetre landet. Han vil også vete kva for forventningar folket har til han sjølv, hans nye regjering og administrasjon. Mest av alt; kva dei drøymer om at Amerika skal vere/bli.
Artikkelen handlar også ein del om kva anna nettstaden www.change.gov har å tilby, som for eksempel ein blogg som blir skrevet, inneheld også ei oversikt over politikken Obama kjem til å føre, info. om Obama ( og regjeringa), og presse info.
Det som Obama prøver å utføre her er heilt utruleg, eg synst det er kjempe flott det å opprette ein nettstad der folket kan utrykke seg og fortelje kva dei vil skal bli gjort med landet. Det at han brukar internett som ei slik kjelde for så vidt smart tenkt for å nå ut til folket, internett er jo blitt ein kvardag til dei fleste her i verda. Dette er ein ny og spennande måte å få ut informasjon til folket, og korleis dette skal gå veit ingen enda.
Men korleis skal han og administrasjonen få tid til å svare alle saman? For det blir nok sikkert kjempe populært, og fleire millionar vil nok skrive til han… Og korleis skal han då få svart alle saman på under fleire år? Det blir interessant å sjå korleis dette blir handtert, utan å ansette ein million hjelparar som kan svare ut til folket.

Dude, du har jo fått dei blogg greiene til jo x) uhhm.. Eg veit ikkje ka eg skal skrive men okei xD
SvarSlettObama e drit gudd, og du har skreve masse bra etcetc ;D