tysdag 17. mars 2009

Sosiale Medier (Facebook & Twitter)

Onsdag blei nordens første visning av dokumentarfilmen ”Us Now” holdt i Oslo. Og invitasjonen blei sjølvsagt sendt via Facebook og Twitter.

Dokumentaren lanserer sosiale medier som det nye demokratiet, dersom berre alle hadde hatt tid til å vere med. Dokumentaren handlar om kva for mogelegheiter nettverksamfunnet på internett kan gje. Regisisør og antropolog Gormely er entusiastisk optimist på vegne av utviklinga. Dokumentaren antyder at folk etter kvart stolar meir på kvarandre enn autoritetane. Det blir fortalt eit døme på dette: Mødre høyrer heller på andre mødre i eit mammanettverk, enn offentlege helsemyndigheiter. Dei sosiale mediene har ført til ein slags gåveøkonomi der det kostar mindre å hjelpe kvarandre enn verdien å få hjelp.

Internett tar over alt, på ein god og ein dårleg måte. Nettstaden Slicethepie.com som fungerar som eit pulverisert plateselskap. Artistar, fans og investorar møtes i eit nettverk der alle kan vurdere kva for band som fortenar ein kjangs, og sjølv ”spytte” inn pengane for å gje dei det.

Ikkje nok med det, den Britiske 3.divisjonsklubben Ebbsfleet United som gjennom myfootballclub.co.uk er eigd, drevet og handplukka av 320.000 online-fans. – ” Det er som å spele Football Manager på ordentlig”. Disse eksempla visar at alle kan involvere seg, ikkje alle gjer det, men de kan.

Kort sagt, alle desse forskjellige nettstadane er ein plass der ein får uttrykkje seg, og fortelje om seg sjølv og sine hendingar. Ein kan hjelpe andre ved hjelp av å berre skrive noko på tastaturet og deretter sende det vidare til andre.

Det er litt skummelt at det heile føregår på internett og data, at det blir erstatta med elektroniske maskiner.

Å det at det politiske skal føregå på nettet kan vere ein god ting, for dei som brukar datamaskiner og internett. Men det er også dei som ikkje gjer det, og då vert ikkje dei lika oppdatert som de som er på datamaskina. Derfor tykkjer eg ikkje at alt demokratiet skal føregå på nett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om meg

Bildet mitt
En gladjente med glimt i øyet!

Følgere